FAIL (the browser should render some flash content, not this).

Innlegg merket ‘trondheim’

Til fødselshjelparane ved St.Olavs – Trondheim, 28. september 2010

Eg var til tidleg UL i veke 11 fordi eg tidlegare har hatt ein spontanabort i same tidsrom. Mannen min og eg var berre opptatt av å sjå om det var liv så vi fekk ikkje med oss at det var to liv! Etter at legen hadde fortald oss det og eg hadde komt meg over det første gledessjokket var min første tanke: «Då kan eg vel ikkje føde heime…»

Mi førstefødte ville eg helst føde heime, budde på det tidspunktet i Roma, men eg orka ikkje å gjere alt på eiga hand og gå imot alle. I tillegg hadde vi heller ikkje råd til det. Jenta mi vart fødd 20 min etter at eg kom fram til klinikken. Det var ingen styrtfødsel. Eg ville ikkje dra til fødeklinikken  og sat heime i badekaret eller på stova og måtte klare meg sjølv gjennom fødselsriene. Fekk pressrier i bilen, men turde ikkje å presse.

Neste gang var eg sikker i min sak: eg skal vere heime og ha ei jordmor med meg og eg vil ikkje stresse med å dra til sjukehus midt i fødselen eller i det heile vurdere når eg skulle dra. Då var vi flytta til Trondheim og eg forhørte meg ved første kontroll hjå jordmor kven eg kunne kontakte. Fekk nr til jordmor Berit Hembre og vi avtalte straks å møtast. Mannen min var litt skeptisk, men det var trass alt eg som skulle føde så det fekk eg no bestemme sjølv. Etter det første møtet med Berit var vi begge overbevist om at dette var det riktige. Eg ville føde i vatn så eg kjøpte meg eit fødekar på nettet.

Kl 19 to veker før termin starta riene og storesøster vart lagt. Eg ringde jm Berit og vi vart enig om at eg skulle ringe seinare når riene vart tettare. Ryggsmertene vart lindra med varmepute i ryggen. Eg hadde lovd henne kake så det var berre å sette i gang å bake mellom riene… Sendte mannen ut for å kjøpe ingrediensar til ein næringsrik smoothie som eg skulle ha når fødselen var overstått. Fødekaret vart pumpa opp og gjort klart midt på stovegolvet og vi fyrte kraftig i peisen. Kl 22 kom jm og eg kom meg opp i det deilige lindrande vatnet. Mannen min og jm sat og drakk kaffi medan eg streva meg gjennom riene. Vart veldig skuffa då eg trudde eg hadde pressa ut hodet og det berre var vatnet som gjekk, men heldigvis kom lillejenta mi like etter -  kl 0154. Det var fantastisk å sitte i det varme vatnet og halde henne fortsatt forbundet til meg gjennom navlestrengen. Neste morgon kom storesøster inn i senga vår og fekk helse på lillesøster – det kunne ikkje ha vore meir perfekt.

Dette er no fire år sidan og eg er klar for å føde på nytt. Eg tenkte at det skulle bli ein fin heimefødsel – nok ein gong i vatn – og storesøstrene skulle få ta del i dette underet. Komme og helse på lillebror/lillesøster saman med mamma i fødekaret… Sleppe adskillelsen og framandgjeringa med at mamma må dra sin veg for å føde. Slik går det altså ikkje. Eg er utruleg heldig som får oppleve å få tvillingar og er veldig takknemlig for det, men eg ber på ei stor sorg når det gjeld fødselen.

Tvillinggraviditet og -fødsel blir sett på som risiko og er ofte det. Men det treng ikkje vere det. Eg ber på DCDA tvillingar der begge ligg med hodet ned. Dei er like store og like store som snittet for einlingar. Eg har født to gangar før så alt ligg til rette for at det skal bli ein ukomplisert og rett fram fødsel. Eg er heilt for å ha ting tilgjengeleg om det skulle skje noko, ein viss ekstra risiko er det jo fordi det er to. Men det er så mange sjukehusprosedyrar eg ikkje forstår.

  • Kvifor må ein ha kontinuerleg CTG overvåking?

◦     Eg er slank og det er veldig lett å finne hjartelyden til begge tvillingane, kan ein ikkje berre sjekke innimellom at alt står bra til? Og så har det aldri vore noko tvil om kven som er kven sin hjartelyd, det kan verkeleg ikkje vere naudsynt å skru elektroden fast i skalpen til tv1.

  • Kvifor må ein sette venflo før det trengst?

◦     Dette er nok ein begrensande ting for fødekvinna, det må vel vere mulig å bruke litt skjønn og ikkje sette før ein eventuelt treng å sette på drypp.

  • Kvifor får ein ikkje tv1 på brystet med ein gong?

◦     Trur at eg som fødande vil vere ganske bevisst på når eg må kontrentrere meg 100% om å føde og klarer å overlate tv1 til pappaen når den tid kjem.

  • Kvifor må navlestrengen til tv1 kuttast med ein gong?

◦     Den er jo ikkje meir utav veien fordi den er kutta?

  • Kvifor får ein ikkje vere i den fødestillinga ein vil med tv2?

◦     Det er jo uansett så mange folk inne på fødestua når ein er komen så langt at skulle det skje noko kritisk er det nok folk som kan løfte/snu eller det som måtte til

  • Kvifor stressar ein slik med å få ut tv2?

◦     Det er jo like naturleg at det kan ta 2-3 timar som 10 min.

◦     Og får ein tv1 på brystet med ein gong og han klarer å suge vil jo dette stimulere naturleg oxytocin og det er mindre behov for drypp

  • Kvifor kan eg ikkje føde i vatn?

◦     Dersom ein kuttar ned på lkontinuerlege overvåkinga skulle det vere fullt mulig

Ja, eg tenker at det kan vere best å føde på sjukehuset når ein ventar tvillingar, men alle sjukehusprosedyrene framstår for meg som ei tvangstrøye eller overgrep om de vil. Skal ikkje «pasienten» samtykke i behandlinga?

Desverre har eg ingen alternativ. I heile Trøndelag er det berre ei jordmor som tek på seg heimefødslar og tvillingfødslar får ho ikkje lov til å ta. I Englad,  Australia og USA er det fullt mulig å føde heime når ein har hatt eit risikofritt tvillingsvangerskap (sikkert andre land også, men det var desse eg fann). Eg har lagt ved ei fortelling frå kvar av desse landa, dei kan hjelpe til med å forstå kvifor eg har desse tankane om fødselen og at eg ikkje er den einaste som har problem med sjukehusfødsel. Alternativet mitt er forsåvidt å føde heime utan assistanse. Eg har trua på at eg klarer det, men eg vil gjerne ha litt hjelp tilgjengeleg om det skulle vere naudsynt.

Marit H Stafsnes

Fødekvinne – Trondheim

Bør bli lettere å føde hjemme

18.05.2010 @ 10:29
Skrevet av: admin

Friske gravide bør ikke frarådes å føde hjemme.

- Kvinner som ønsker seg hjemmefødsel bør få objektiv informasjon om dette, slik at de kan ta et informert valg. I Norge er det for mye skremselspropaganda omkring hjemmefødsler, sier Ellen Blix, jordmor ved Universitetssykehuset Nord-Norge i Tromsø til Klikk.no

Derfor føder hun hjemme

11.05.2010 @ 12:45
Skrevet av: admin

Kvinner som føder hjemme gjør det som oftest av to grunner.
De har hatt en negativ fødselsopplevelse på sykehuset, eller gjør det av idealistiske grunner. Det er et livsstilsvalg.

Kvinner som har hatt en negativ fødselsopplevelse på sykehuset velger seg inn i noe de vil ha mer kontroll over. De har en kjent jordmor, er hjemme i trygge omgivelser og får tiden de trenger for å få barnet ut.

Kvinner som føder hjemme som et livsstilsvalg, gjør det fordi de mener det meste vi gjør skal foregå på en naturlig måte. På samme måten som andre dyrker økologiske grønnsaker og lever så nært opp til naturen som mulig.

Bad Behavior has blocked 74 access attempts in the last 7 days.